Solskinnsfestivalen presenterer: Leikgruppa fra Brekka

Forestillinger
Henter programmet
Leikgruppa frå Brekka er ei folkedansgruppe med lange tradisjonar. Kvar måndag gjennom vinteren samlast 20–25 danseglade deltakarar på Heimtun i Brekka, med spelemann Øyvind Seljåsen frå Froland.
Gruppa består av godt vaksne dansarar med ein gjennomsnittsalder på godt over 70 år. Ingrid Skjulestad har halde gjengen samla i nær 50 år, og danseinstruktøren har vore ein Blågestad i over 50 år – først Jens Blågestad, seinare Magne Blågestad. Mange av dansarane har også vore med i fleire tiår, noko som vitnar om eit sterkt fellesskap og stor danseglede.
På programmet står folkedans i ulike former, mellom anna gammaldans, sangdans og turdans. Dansen gir god mosjon, mykje latter og ekte glede – og er eit levande bevis på at danseglede ikkje har nokon aldersgrense. Kom og opplev folkedanstradisjonane frå Brekka!